10.12.2021 – 12.12.2021

Førjulshelg

Velkomne på førjulshelg i Jotunheimen på Vianvang og BrimiBue (Kun 20 ledige plassar)

BrimiBue og Vianvang inviterar deg på ei avslappande mathelg i Lom før jul.

Programmet startar med innsjekk på BrimiBue fredag ettermiddag, med eventyrleg førjulskveld på Vianvang fyrste kvelden. Laurdag startar dagen med julefrukost, før ein tur til vår gode nabo Norsk Fjellsenter som har eit av Noregs beste museum. I museumet kan du bevege deg gjennom Jotunheimen og blandt anna sjå Noregs eldste ski og klesplagg.
Etter museumstur håpar vi du vil ta deg ein rundtur på Fossbergom, Lom sentrum. Kanskje kan nokre av årets julegåver sikrast her.

Vi inviterar så til julelunsj på BrimiBue, med ølsmaking med fantastiske Lomb bryggeri. Lomb bryggeri vart etablert i 2016, da dei bygde om fjoset på garden til bryggeri. Lomb bryggeri vil både la deg smake på fleire av dei fantastiske ølsortane sine, og fortelle deg om historia om korleis hobbyen blei til eit livsverk
Laurdagskvelden avsluttar vi med kveldsmeny på BrimiBue, der du vil få servert vår tolkning av det tradisjonelle julegildet.

Program

Fredag 10. desember

16.00 – Ankomst og innsjekk på BrimiBue

17.30 – Bussen går til eventyrleg førjulskveld på Vianvang med Arne Brimi

23.30 – Attende på BrimiBue

 

Laurdag 11. desember

09.00 – Frukost

10.00 – Besøke Norsk Fjellsenter og rusletur på Fossbergom for den som vil

14.00 – Julelunsj på BrimiBue med ølsmaking med Lomb bryggeri

19.00 – 7-retters julemeny

Sundag 12. desember

Frukost og heimreise

Pris

kr. 6350,- per person i dobbeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.
kr. 6750,- per person i enkeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.

Booking

Send oss ein mail til brimibue@brimiland.no eller bestill via vår online booking.

26.11.2021 – 28.11.2021

Førjulshelg

Velkomne på førjulstrivsel i Jotunheimen på Vianvang og BrimiBue! (kun 20 ledige plassar)

25.02.2022 – 27.02.2022

Vianvang og BrimiBue tolkar sesongane

Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.