31.03.2023 – 03.04.2023

Påske i Jotunheimen

Feir påska saman med oss, med guida fjelltur og bretur i Jotunheimen, overnatting, påskemeny og frukost på BrimiBue. Vi satsar på strålande påskesol i Jotunheimen, lun stemning rundt bordet, kanskje noko godt i glaset, og god kvile i norske senger.

Saman med Iver i Fyrst og Fremst inviterar vi deg til å feire påske i storslotte Lom og Jotunheimen.
Det vil bli:
– Guida bretur på Svelnosbrean
– Guida topptur på Storebjørn (2222 moh.)
– Tre overnattingar med frukost og niste
– Kveldsmat ankomstdagen
– To påskemeny på BrimiBue, den eine lenger enn den andre!
– Buss til fjells, bilen kan stå parkert under heile opphaldet.

 

Program

Fredag 31. mars

Frå 16.00 – Innsjekk på BrimiBue

17.00 – Hente utstyr for den som treng

19.00 – Kveldsmat og prat med Iver – førebuing for to dagar i fjellet

Laurdag 1. april

07.00 – Frukost og nistepakking

08.00 – Avreise med buss for bretur på Svellnosbrean

ca. 16.00 – Attende på BrimiBue

19.30 – Påskemeny på BrimiBue

Sundag 2. april

07.00 – Frukost og nistepakking

08.00 – Avreise med buss for topptur til Storbjørn, 2222 moh.

ca. 17.00 / 18.00 – Attende på BrimiBue, kakao og ein god dusj

19.00 – Ekstra lang påskemeny på BrimiBue

Måndag 3. april

09.00 – Frukost og heimreise

Du kan sjølv velge om du vil vera med på heile programmet med to fjellturar, eller om du berre ynskjer ein tur.

Pakkepris med to turar

kr. 7890,- per person i dobbeltrom, der to deler rom. Alt i programmet er inkludert, men drikke kjem i tillegg.
kr.  8390,- for ein person i dobbeltrom. Alt i programmet er inkludert, men drikke kjem i tillegg.

Pakkepris med ein tur

kr. 7190,- per person i dobbeltrom, der to deler rom. Alt i programmet er inkludert, men drikke kjem i tillegg.
kr.  7690,- for ein person i dobbeltrom. Alt i programmet er inkludert, men drikke kjem i tillegg.

Har du ikkje utstyr, men ynskjer å vera med på påsketur i Jotunheimen likevel, seier du? Ikkje noko problem!
Gi oss beskjed, så hjelp vi deg med å bestille hjå Iver eller Naturopplevingar som har utstyrslager her i Lom.

Dersom du treng å leige utstyr:
Skipakke kr. 1350,- per person for heile helga
Skredpakke kr. 500,- per person for heile helga

Ynskjer du berre berre delar av programmet?

Ynskjer du å vera med på ein tur eller to, berre overnatting, eller berre middag, seier du?
Ikkje noko problem!
Send oss ein mail, så løyser vi det slik at du får det slik du ynskjer deg.
Mail: brimibue@brimiland.no

 

___________________________________________________________________________________________

Iver Lund Aakre er utdanna ski-vegleder gjennom Norsk Tindevegledare, som ein av dei fyrste i landet. Med sekken full av turglede, og ikkje minst kompetanse, driv han i dag Fyrst og Fremst. Han brenn for å skape gode naturopplevingar i den storslåtte fjellheimen rundt oss.

I påskepakka vår vil Iver ta deg med på to turar i Jotunheimen:

Laurdag – ski og bretur til Svellnosbrean

Svellnosbrean er eit mektig brefall innunder Galdhøpiggen. Turen startar frå Spiterstulen, der vi går på ski inn til breen. Her tek vi på oss breutstyr og går ei runde inn i isen for å oppleva dens mektige formasjonar.

På heimvegen kan vi vente oss litt god skikøyring, og her tilpassar vi lengda på turen og nedkjøring etter gruppesamansetning. Vi reknar med å vera på tur i omlag seks timar denne dagen.

Sundag – skitur til Storebjørn (2222 moh)

Storebjørn er ein klassiker i Smørstabbtindmassivet, og byr på ein veldig fin tur med panoramautsikt over Jotunheimen. Utgangspunktet er Sletthamn, vinterparkeringa i Leirdalen, men om forholda tilseier det så kan vi og gå turen frå Krossbu. Dette blir ein lenger dag der vi nyttar tida ute, og reknar med å vera på tur i 7-8 timar.

Praktisk

Vi tilpassar opplegget etter vær og føre, som betyr at det kan bli endringar i programmet. Dette for å få nytta dagane på best mogleg måte.
Du treng ikkje vera ein erfaren skiløpar for å vera med denne helga, men det er ein fordel å ha erfaring med å vera på ski (både å gå på ski, men og ha kjørt litt nedover).
Det er i utgangspunktet lagt opp til bruk av randonèeutstyr på desse turane, men vil du bruke fjellski så går det fint – gjev i så fall beskjed til oss. Sikkerheit går sjølvsagt fyrst, og alle må derfor ha skredpakke med sender/mottaker, spade og søkestang.
For spørsmål ta kontakt med Iver i Fyrst og Fremst. Han kan nåast på mail: post@fyrstogfremst.no,  eller telefon: 966 46 116
Etter ein dag i fjell og (forhåpentlegvis) påskesol, kjem du attende til BrimiBue. Ein god dusj og kanskje ein time på auge etterpå,  ynskjer vi deg velkomen til bords for kveldsmeny og god, varm stemning rundt bordet.
Sundag ventar vi deg med ein varm kopp kakao i døra, før du set deg til bords for festkveld – med enda lengre påskemeny.
25.04.2024 – 28.04.2023

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Våren 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

17.05.2024

17. mai-feiring på BrimiBue

🇳🇴Velkomne på 17. mai-feiring på BrimiBue!🇳🇴

31.10.2024 – 27.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!