25.02.2022 – 27.02.2022

Vianvang og BrimiBue tolkar sesongane

Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.

Programmet startar med innsjekk på BrimiBue fredag ettermiddag, og eventyrleg kveld på Vianvang med utvida heidersmeny til vintersesongen. Laurdag startar dagen med god frukost, før ein tur til vår gode nabo Norsk Fjellsenter som har eit av Noregs beste museum. I museumet kan du bevege deg gjennom Jotunheimen og blandt anna sjå Noregs eldste ski og klesplagg.
Etter museumstur håpar vi du vil ta deg ein rundtur på Fossbergom, Lom sentrum, for å besøkje våre gode naboar.
Vi inviterar så til lunsj på BrimiBue, med ølsmaking med fantastiske Lomb bryggeri. Lomb bryggeri vart etablert i 2016, da dei bygde om fjoset på garden til bryggeri. Lomb bryggeri vil både la deg smake på fleire av dei fantastiske ølsortane sine, og fortelle deg om historia om korleis hobbyen blei til eit livsverk
Laurdagskvelden avsluttar vi med kveldsmeny på BrimiBue, der du vil få servert ein langmeny med vår tolkning av vintersesongens beste råvarer.

Program

Fredag 25. februar

Frå 16.00 – Innsjekk på BrimiBue

17.30 – Bussen går til Vianvang for ein utvida meny farga av sesongens råvarer

23.30 – Attende på BrimiBue

Laurdag 26. februar

09.00 – Frukost

10.00 – Besøke Norsk Fjellsenter og rusletur på Fossbergom for den som vil

14.00 – Lunsj på BrimiBue med ølsmaking med Lomb Bryggeri

19.00 – Langmeny på BrimiBue, sesongheder

Sundag 27. februar

Frukost og heimreise

 

Pris

kr. 6350,- per person i dobbeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.
kr. 6750,- per person i enkeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.

Booking

Send oss ein mail til brimibue@brimiland.no eller bestill via vår online booking.

Foto: Mette Møller

Frokost på BrimiBue

26.11.2021 – 28.11.2021

Førjulshelg

Velkomne på førjulstrivsel i Jotunheimen på Vianvang og BrimiBue! (kun 20 ledige plassar)

10.12.2021 – 12.12.2021

Førjulshelg

Velkomne på førjulshelg i Jotunheimen på Vianvang og BrimiBue (Kun 20 ledige plassar)