Ledige stillingar

Gode folk blir det aldri nok av!

Difor ser vi stadig etter deg som vil bli ein del av vår gjeng, både i mindre og større stillingar.
Trur du at du har noko å bidra med? Send ein mail, da vel!
brimibue@brimiland.no

 

Bu og arbeid i nasjonalparklandsbyen Lom

Bu sentralt plassert i Lom medan du arbeider her! 10-15 min å gå frå BrimiBue har vi fire leiligheiter på ca. 80 kvardratmeter. Vær sosial saman med kollegaene dine på fritida di, eller ha aleinetid med ei fantastisk utsikt over Lom.
Sjå meir informasjon og bilete frå leiligheitane HER

Kven er vi?

BrimiBue er eit lite hotell med 14 hotellrom som ligg midt i Lom sentrum. Restauranten vår er hjertet av bedrifta, og vi legg stor stoltheit i store og små måltidsoppleveingar. For å kunne levere gode opplevingar, treng ein gode folk. Vi søker deg som vil bidra til dette, og som vil vera med å heve oss til å bli enda betre. Vi held ope nesten heile året, men har stengt frå jul til februar. Sommaren er hovudsesongen vår, og dermed den travleste tida.
Vi ynskjer deg hjerteleg velkomen til ein gastronomisk storfamilie som brenn for bransjen!

SOUS CHEF

REISELIVSMEDARBEIDER

REINHALDAR

SERVITØR

FROKOSTVERT/VERTINNE

NATTEVAKT


Ynskjer du å bli lærling?

Vi søkjer etter lærling i tre fag:

– Kokkelærling

– Servitørlærling

– Reiselivslærling

Som lærling hjå oss, blir du ein del at Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Du kan lese meir om lærlingeplassane vår HER