28.11.2025 – 20.12.2025

Adventhelg med Vianvang og BrimiBue

Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.

Adventhelgane er på følgande datoar:

  • Fredag 28. til sundag 30. november
  • Fredag 5. til sundag 7. desember
  • Fredag 12. til sundag 14. desember
  • Torsdag 18. til laurdag 20. desember

PROGRAM

DAG 1

16.00 – Ankomst og innsjekk på BrimiBue i Lom
17.30 – Transport til Vianvang. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp i tunet på Vianvang.
18.30 – Tradisjonell Vianvangkveld
ca. 23.00 – Transport ned att til BrimiBue

DAG 2

08.00 – 10.00 – Frukost på BrimiBue
Fri til å gjere det du vil. Kanskje blir du ferdig med julehandelen?
Frå 19.00 – 5-retters julemeny på BrimiBue

DAG 3

08.00 – 10.00 – Frukost på BrimiBue
11.00 – Utsjekk og heimreise

Pris per person i dobbeltrom: 7690,-
Enkeltromstillegg kr. 800,- (400,- per natt).

Ynskjer du å komme ein dag før? Pris kr. 900,- per person i dobbeltrom, eller 1300,- i enkeltrom.

Booking direkte til brimibue@brimiland.no, eller du kan bestille her.

Avbestillingsvilkår

  • Du kan avbestille opphaldet utan kostnadar inntil fire veker før ankomst.
  • Avbestilling fire til to veker før ankomst: 50% av avtala beløp blir belasta.
  • Avbestilling 14 til 0 dagar før ankomst: 100% av avtala beløp blir belasta.
17.05.2025

17. mai-feiring på BrimiBue

🇳🇴Velkomne på 17. mai-feiring på BrimiBue!🇳🇴

02.10.2025 – 05.10.2025

Matkurshelg – hausten 2025 – (fullbooka)

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen.