Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg, brød frå Bakeriet, egg frå Ramstad i Skjåk, og kaffi eller te etter ynskje. Vi ynskjer at frukosten på BrimiBue skal vera mest mogleg lik ein god sundagsfrukost heime. Difor består frukosten vår av ein liten buffet, og eit fat med pålegg som du får servert på bordet. På denne måten minskar vi også matsvinn, noko som er viktig for oss. Vi ber om at du bestiller deg bord til frokosten. Da kan vi gjere bordet klart til du sett deg til bords.
Kvar dag kl. 07.30 – 10.00
På BrimiBue endrar vi meny etter sesongen. På denne måten håpar vi at vi blir litt meir spanande å besøkje, og at vi utfordrar oss sjølve. Matkulturen på BrimiBue er godt opparbeida av erfarne kokkar, lærlingar, og etter filosofien til Arne Brimi. Vi nyttar norsk mat av dyktige gardbrukarar, og aller helst av dei vi finn rundt oss.
På kveldstid serverar vi kveldsmeny. Du må bestille deg bord på førehand. Du kan velge sjølv om du vil ha 3- eller 5-retters meny. Om sommaren (1. juni til 1. september) serverar vi kun 3-retters meny.
Avbestilling er tillete innan kl. 16.00 to dagar før reservasjon.
Ved gruppebestilling må vi ha riktig antal personar ei veke før.
3-retter kr. 790,- / vinpakke kr. 650,- / juicepakke kr. 300,-
5-retter kr. 1100,- / vinpakke kr. 950,- / vinpakke kr. 500,-
3-retter kr. 830,- / vinpakke kr. 675,- / juicepakke kr. 315,-
5-retter kr. 1150,- / vinpakke kr. 995,- / juicepakke kr. 515,-
Dersom du har matallergiar vi skal ta hensyn til, er det viktig at vi får beskjed om dette før ankomst slik at vi kan tilpasse menyen til deg.
Vi serverar lunsj på forespørsel til grupper som er fleir enn 10 personar.
Kontakt oss på mail eller telefon for eit tilbod!