BrimiBue opna dørene for fyrste gong 17. juni 2017. Da opna vi kun som restaurant, og andre etasje stod tom. I juli 2019 opna vi dørene til enda ein draum vi har hatt, da 14 dobbeltrom stod klare. Vi har brukt lokalt handverk, lokale material og lokale fagfolk. Vi lev for å kunne glede gjestane våre med gode opplevingar.
BrimiBue er drive av Tina Brimi og Dan-Robin Leirvåg, saman med 8-10 heilårstilsette. Tina er dotter til Arne Brimi.
I Lom er det stor forskjell på sesongane. Sommar er hovudsesongen vår, og vinteren er rolegare.
Opningstidene gjennom året forandrar seg difor etter sesong, og vi har stengt i nokre veker i løpet av året.
Kontakt oss!
Mail: brimibue@brimiland.no
Telefon: 468 54 262
Sognefjellsvegen 13
2686 Lom
Vi er beviste vårt ansvar om miljøpåverknad. Vi er så heldige å bu i ein region med reinare luft og vatn enn mange kan drøyme om. Difor er det kanskje ekstra viktig for oss også, å ivareta desse godane og viktige verdiane. Vinteren 2024/2025 starta vi prosessen med å sertifisere oss som Miljøfyrtårn. På denne måten blir vi enda meir beviste vårt ansvar, og vi skal årleg sette oss mål om å redusere utslepp, avfall og energiforbruk. Vi har etablert ein miljøledelsessystem som styrer klima- og miljøarbeidet vårt, og hjelp oss med å kontinuerleg forbetre oss. Sertifiseringa inneheld også konkrete krav til berekraftige hotellopplevingar, matavfall, energi, transport, leverandøkjeder og arbeidsmiljø. Kvar år leverer vi ein klima- og miljørapport som gjev god oversikt over framgang og forbetringspotensial. Kontakt oss for å få tilsendt siste års rapport.
Har du innspel til korleis vi kan forbetre vårt miljøarbeid? Send oss gjerne ein mail med dine tips!