Overnatting

Ankomst
Avreise
Rom og gjester
rom voksen barn
Voksen
-
1
+
Barn
-
0
+
Booking kode
Søk

Hotellrom

På BrimiBue har vi 14 moderne rom, kor vi har brukt lokalt handverk, lokale material og lokale fagfolk. Det er viktig for oss. Nokre av romma har hems/sovesofa, så det er god plass til ein småbarnsfamilie, eller ein vennegjeng på tre. Alle rom er utstyrt med eiga bad, minibar og kaffimaskin. Halvparten av romma har utsikt mot Lom sentrum, medan den andre delen har utsikt mot Lom Stavkyrkje og Lomseggen.

Treng du eit spesialtilpassa rom, ber vi deg kontakte oss på mail eller telefon, slik at vi finn den beste løysinga for deg.

Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg på bordet. I tillegg har vi ein liten sesongprega buffet, der du finn brød frå Bakeriet, egg frå Ramstad i Skjåk, og kaffi eller te etter ynskje.

Hund på hotellet

Vi har nokre rom kor du kan ta med deg hunden din. Dersom du planlegg å besøke oss med hund, ber vi deg om å bestille opphaldet på mail eller telefon. Vi ber om at hunden kan sove i buret sitt eller på badet.
I restauranten vår tillet vi ikkje dyr, med untak av førarhundar.
Tillegg for hund er kr. 250,- per natt (gjeld ikkje førarhundar).

Pakketur

Haust, vinter og vår syr vi saman pakkar for deg som er like glad i gastronomi og Jotunheimen som det vi er. Ofte inneheld pakkane våre overnatting på BrimiBue, ein matkveld på BrimiBue, og ein på Arnes Vianvang. Ofte også matkurs og vinkurs.
Vi har heile tida planlagte helgepakker som du kan finne under «Pakketur», eller nederst på denne sida.

Er du ei firmagruppe, eller ein større venegjeng, vil vi gjerne skreddersy eit program for deg.
Du kan forespørre datoar på mail brimibue@brimiland.no

25.04.2024 – 28.04.2023

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Våren 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

17.05.2024

17. mai-feiring på BrimiBue

🇳🇴Velkomne på 17. mai-feiring på BrimiBue!🇳🇴

31.10.2024 – 27.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!