21.03.2025 – 30.03.2025

Mathelg hjå Arne Brimi og BrimiBue

Vårtur til Lom og Jotunheimen? Vianvang og BrimiBue vil ynskje deg hjarteleg velkommen til fjell og fjellbygd, med god mat og koseleg overnatting. På utvalde datoar tilbyr vi ferdigpakka helger der du får besøkt både BrimiBue og Vianvang. Opphaldet kan bookast ved å sende ein mail til brimibue@brimiland.no

Pakka er ledig på følgande datoar våren 2025:

  • 21.-23. mars (fredag til sundag)
  • 28.-30. mars (fredag til sundag)

Vianvang – Matoppleving hjå Arne Brimi

Fredag ynskjer Arne deg hjarteleg velkommen til sitt Vianvang. Du får vera med på ein tradisjonell Vianvangkveld, som startar ute i tunet kl. 18.30. Dykk ruslar dei siste bakkane opp til Vianvang. Ha på deg sko og jakke med tanke på dette. Sjølv om mars er ein vårmånad, kan det framleis vera vinter i fjellet.

BrimiBue – Koseleg overnatting i Lom

Overnatting på BrimiBue, midt i Lom sentrum. BrimiBue opna dørene sine for fyrste gong i 2017. Sidan då har vi bygd ut eit par gongar, og vinteren 2025 står eit nytt tilbygg klart med vinkjellar og «stugu». Sov godt i komfortable senger, og et deg god og mett ved frukostbordet. Laurdag inviterer vi deg ned i vinkjellaren vår, der dykk får eit lite vinkurs med Even Brimi – vinansvarleg på Vianvang. Etterpå blir det raus lunsj.

Vi ynskjer også å gje deg tid til å gjere akkurat det du vil. Kva med ein tur til Norsk Fjellsenter på andre sida av elva, ein kanelsnurr på Bakeriet i Lom, og kanskje ein liten rusletur? Om kvelden ynskjer vi deg velkommen til bords att, da for ein lang BrimiBu-meny.

Bestill no!

Tida fram til ein ny vår går fortare enn ein trur. Kontakt oss for meir informasjon og booking.

Hjerteleg velkomne til oss!

Program

Fredag

Frå 16.00 – Innsjekk på BrimiBue i Lom

Kl. 17.30 – Avreise til Vianvang

Kl. 18.30 – Tradisjonell Vianvangkveld

Kl. 23.00 – Avreise til BrimiBue

Laurdag

08 – 10 – Frukost på BrimiBue

Tid til å gjere akkurat det du vil. Kva med ein tur å besøke Norsk Fjellsenter på andre sida av elva, kanelsnurr på Bakeriet i Lom, og kanskje ein liten rusletur?

12.30 – Vinkurs med Even Brimi i vinkjellaren

14.00 – Lunsj på BrimiBue

Frå kl. 19.00 – 5-retters meny på BrimiBue

Sundag

07.30 – 10.00 – Frukost på BrimiBue

11.00 – Utsjekk og heimreise

Pakka inkluderar:

  • Overnatting
  • Frukost
  • Tradisjonell kveld på Vianvang hjå Arne Brimi
  • Transport t/r Vianvang
  • Vinkurs med Even Brimi
  • Lunsj
  • 5-retters meny på BrimiBue
Pris
  • kr. 6890,- per person i dobbeltrom.
  • + kr. 600,- dersom du ynskjer enkeltrom (kr. 300,- per natt).

Drikke er ikkje inkludert i prisen.

Ynskjer du å komme ein dag før? Pris kr. 800,- per person i dobbeltrom, eller 1200,- i enkeltrom.

Booking direkte til brimibue@brimiland.no, eller du kan bestille her.

Avbestillingsvilkår

    • Du kan avbestille opphaldet utan kostnadar inntil fire veker før ankomst.
    • Avbestilling fire til to veker før ankomst: 50% av avtala beløp blir belasta.
    • Avbestilling 14 til 0 dagar før ankomst: 100% av avtala beløp blir belasta.

 

 

24.10.2024 – 03.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger hausten 2024, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

29.11.2024 – 21.12.2024

Adventhelg med Vianvang og BrimiBue

Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.

13.02.2025 – 23.02.2025

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Vinteren 2025

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger vinteren 2025, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!