Lom sentrum ligg midt mellom Oslo, Trondheim og Bergen – midt i eit fjellrike.
Dersom du ynskjer å reise miljøvenleg til Lom, er det mogleg med buss og tog. Næraste togstasjon er på Otta, som er ein times busskøyring frå Lom.
Du kan finne ekspressbuss som går direkte frå Trondheim, Oslo og Bergen. Du finn oppdaterte rutetider for buss og tog på entur.no
Dersom du kjem med elbil, finst det elbilladarar 100 meter frå oss. Vi har dessverre ikkje eigne ladarar på hotellet.