Hotellrom
På BrimiBue har vi 14 moderne rom, kor vi har brukt lokalt handverk, lokale material og lokale fagfolk. Det er viktig for oss. Nokre av romma har hems/sovesofa, så det er god plass til ein småbarnsfamilie, eller ein vennegjeng på tre. Alle rom er utstyrt med eiga bad og kaffimaskin. Halvparten av romma har utsikt mot Lom sentrum, medan den andre delen har utsikt mot Lom Stavkyrkje og Lomseggen.
Treng du eit spesialtilpassa rom, ber vi deg kontakte oss på mail eller telefon, slik at vi finn den beste løysinga for deg.
Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg på bordet. I tillegg har vi ein liten sesongprega buffet, der du finn brød frå Bakeriet, egg frå Ramstad i Skjåk, og kaffi eller te etter ynskje.
Hund på hotellet
Vi har nokre rom kor du kan ta med deg hunden din. Dersom du planlegg å besøke oss med hund, ber vi deg om å bestille opphaldet på mail eller telefon. Vi ber om at hunden kan sove i buret sitt eller på badet.
I restauranten vår tillet vi ikkje dyr, med untak av førarhundar.
Tillegg for hund er kr. 250,- per natt (gjeld ikkje førarhundar).