Førjulshelg med BrimiBue og Vianvang
Følg med, program kjem snart! Ynskjer du å få ein mail så fort programmet er klart? Send oss ein mail til brimibue@brimiland.no
Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom, der er du midt i vår draum, midt i eit matrike, midt i verda. I denne verda full av smak og matopplevingar, kan du kjenne deg heime, full av forventningar til fjellheimen rundt oss.
BrimiBue er eit lite hotell med 14 dobbeltrom, som ynskjer å vere ein del av di oppleving av moderne tradisjonsgastronomi på din ferd, din opplevingsreise, ditt arrangement. Slik kan vår verden bli ein liten del av din verden.
Om kveldane serverar vi vår kveldsmeny. Ingen av gjestane våre kjenner menyen før dei set seg tilbords. Vi trur at dette gjer kjøkenet betre, sidan kokkane da har meire spelerom med sin kreativitet.
Om sommaren serverar vi i tillegg lunsj på drop-in kvar dag. I haust (20. august til 2. oktober) har vi lunsj kvar fredag og laurdag kl. 12.00-15.00. Her tek vi ikkje bordbestilling. Lunsjmenyen vår er enkel, men vi håpar velsmakande.
Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg. Vi ynskjer at frukosten på BrimiBue skal vera mest mogleg lik ein god sundagsfrukost heime. Difor ynskjer vi at du bestiller deg bord til frokosten, slik at vi veit når du kjem.
Følg med, program kjem snart! Ynskjer du å få ein mail så fort programmet er klart? Send oss ein mail til brimibue@brimiland.no
Gruppe på jakt etter førjulstur? Siste helga før jul har Vianvang og BrimiBue satt av til ei større gruppe. Ta kontakt med oss, så skreddersyr vi eit program som passar gjengen din! Send oss ein forespørsel til brimibue@brimiland.no