Mat og drikke

FRUKOST

Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg, brød frå Bakeriet, egg frå Ramstad i Skjåk, og kaffi eller te etter ynskje. Vi ynskjer at frukosten på BrimiBue skal vera mest mogleg lik ein god sundagsfrukost heime. Difor ynskjer vi at du bestiller deg bord til frokosten, slik at vi veit når du kjem.

Kvar dag     kl. 07.30 – 10.00

 

KVELDSMENY

  • 1.juni til 1. september: 3-retters meny
  • Resten av året: 3-, 4-, 5- og 7-retters menyBordbestilling er naudsamt. Du kan bestille deg bord mellom kl. 19.00 og 21.00.

Vi er nå i julesesongen, og serverar vår julemeny. Sjå julemenyen vår her.

 

På BrimiBue endrar vi meny etter sesongen. På denne måten håpar vi at vi blir litt meir spanande å besøkje, og at vi utfordrar oss sjølve. Matkulturen på BrimiBue er godt opparbeida av erfarne kokkar, lærlingar, og etter filosofien til Arne Brimi.

På kveldstid serverar vi kveldsmeny. Du må bestille deg bord på førehand. Du kan velge sjølv kor lang menyen skal vera; 3, 4, 5, eller 7-retters meny. Om sommaren (1. juni til 1. september)  serverar vi kun 3-retters meny.

Avbestilling er tillete innan kl. 16.00 to dagar før reservasjon.
Ved gruppebestilling må vi ha riktig antal personar ei veke før.

Priser

3-retter kr. 725,- vinpakke kr. 595,-

4-retter kr. 875,- vinpakke kr. 715,- 

5-retter kr. 995,- vinpakke kr. 830,-

7-retter kr. 1235,- vinpakke kr. 1100,-

 

Kvar kveld lagar vi vinpakker og alkoholfrie drikkepakker for deg som ynskjer det.

Trykk her for vinkart

Dersom du har matallergiar vi skal ta hensyn til, er det viktig at vi får beskjed om dette før ankomst slik at vi kan tilpasse menyen til deg.

LUNSJ

Om sommaren serverar vi lunsj kvar dag. Vi tek ikkje booking på lunsj, og har såleis kun drop-in. Vi har ein enkel lunsjmeny, med ca. 5 rettar å velge mellom.
Utanfor høgsesong serverar vi lunsj på bestilling til grupper på minst 10 personar.

Lunsjmeny

  • Cæsar salat
  • Krema fiskesuppe
  • Smørbrød med einerrøykt aure
  • Lammeragu og tagliatelle
  • Braiserte oksekjaker
  • Soppkrema byggotto
  • Dessert: Heimelaga vaniljeparfait med lun plommekompott
29.11.2024 – 21.12.2024

Adventhelg med Vianvang og BrimiBue

Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.

13.02.2025 – 23.02.2025

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Vinteren 2025

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger vinteren 2025, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

21.03.2025 – 30.03.2025

Mathelg hjå Arne Brimi og BrimiBue

Vårtur til Lom og Jotunheimen? Vianvang og BrimiBue vil ynskje deg hjarteleg velkommen til fjell og fjellbygd, med god mat og koseleg overnatting. På utvalde datoar tilbyr vi ferdigpakka helger der du får besøkt både BrimiBue og Vianvang. Opphaldet kan bookast ved å sende ein mail til brimibue@brimiland.no