31.10.2024 – 27.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

Matkurshelgene er planlagt på følgande datoar hausten 2024:

  • 31. oktober til 3. november (torsdag til sundag)
  • 24. – 27. november (sundag til onsdag)

Velkomne til Lom! Vi tek i mot deg med enkel men raus kveldsmat på BrimiBue. Arne kjem, og saman tek vi ein prat om helga.

Fredag startar sjølvsagt med frukost, før turen går til Vianvang. Der skal dykk bruke heile dagen saman.  Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp til Vianvang, der dykk møter Arne og resten av gjengen på tunet. Fyrste del av dagen blir brukt i nybygget på Vianvang – kulturscena. Det blir mat med Arne og resten av kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi. Etter kurset er det tid for ei lita pustepause på Vianvang, før det er klart for ein tradisjonell Vianvangkveld.

Laurdag er vi klare for nok ein kursdag, men da på BrimiBue. Matkurset vil bli leia av Dan-Robin frå BrimiBue. Det blir sjølvsagt fleire smaksprøvar etterkvart i kurset, og mykje får du ete til lunsj.
Fredag ettermiddag kan du rusle deg ein tur på Bergom, ta eitt glas i restauranten, eller slappe av på rommet. Om kvelden serverar vi ein lang BrimiBu-meny.

Sundag venter ein lang frukost på BrimiBue, før vi takkar for nå og ynskjer dykk vel heim.

PROGRAM

TORSDAG

Frå 16.00 – innsjekk på BrimiBue
Kl. 18.00 – Kveldsmat og prat om helga

FREDAG

08 – 10 – Frukost
11.00  Bussen går til Vianvang. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp i tunet. Dykk lærer meir om mat og vin i det nye huset på Vianvang – kulturscena. Smaking på mat med Arne og kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi.
18.30 – Tradisjonell Vianvangkveld
22.30 / 23.00 – Bussen går ned att til BrimiBue

LAURDAG

08-10 – Frukost
10 – 15 Matkurs dag to på BrimiBue med lunsj
Frå kl. 19.00 – Lang meny på BrimiBue

SUNDAG

08-10 – Frukost
11.00 – Utsjekk og heimreise

PRAKTISK INFORMASJON

  • Dersom du har matallergier/avvik, er det viktig at du melder frå om det før ankomst.
  • Vi skal bruke mest tid innandørs, men hugs å ha gode varme klede og sko til rusleturen opp til Vianvang.
  • Ved booking fakturerer vi eit depositum kr. 3500,- per person.
  • Avbestilling er tillete 1 mnd før ankomstdato, men depositum blir ikkje attendebetalt.
  • Pris kr. 10890,- per person i dobbeltrom. Prisen inkluderar alt i programmet, men drikke er ikkje inkludert.
  • Ynskjer du enkeltrom kostar dette 900,- ekstra (300,- per natt).
Booking direkte til brimibue@brimiland.no
29.02.2024 – 28.04.2023

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Våren 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

21.03.2024 – 26.03.2024

Påsketilbud

Gratis påsketips og 15% rabatt på landsbypåska i Lom!

17.05.2024

17. mai-feiring på BrimiBue

Velkomne på 17. mai-feiring på BrimiBue!