Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.
Programmet startar med innsjekk på BrimiBue fredag ettermiddag, og eventyrleg kveld på Vianvang med utvida heidersmeny til vintersesongen. Laurdag startar dagen med god frukost, før ein tur til vår gode nabo Norsk Fjellsenter som har eit av Noregs beste museum. I museumet kan du bevege deg gjennom Jotunheimen og blandt anna sjå Noregs eldste ski og klesplagg.
Etter museumstur håpar vi du vil ta deg ein rundtur på Fossbergom, Lom sentrum, for å besøkje våre gode naboar.
Vi inviterar så til bållunsj ute i Eldhuset, med ølsmaking med fantastiske Lomb bryggeri. Lomb bryggeri vart etablert i 2016, da dei bygde om fjoset på garden til bryggeri. Lomb bryggeri vil både la deg smake på fleire av dei fantastiske ølsortane sine, og fortelle deg om historia om korleis hobbyen blei til eit livsverk.
Laurdagskvelden avsluttar vi med kveldsmeny på BrimiBue, der du vil få servert ein langmeny med vår tolkning av vintersesongens beste råvarer.
Program
Fredag 25. februar
Frå 16.00 – Innsjekk på BrimiBue
17.30 – Bussen går til Vianvang for ein utvida meny farga av sesongens råvarer
23.30 – Attende på BrimiBue
Laurdag 26. februar
09.00 – Frukost
11.45 – Vi går i samla flokk frå BrimiBue til Norsk Fjellsenter
13.00 – Ølsmaking og bållunsj ute i Eldhuset
19.00 – Langmeny på BrimiBue, sesongheder
Sundag 27. februar
Frukost og heimreise
Pris
kr. 6550,- per person i dobbeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.
kr. 6950,- per person i enkeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.
Booking
Send oss ein mail til brimibue@brimiland.no eller bestill via vår online booking.


Foto: Mette Møller


Frokost på BrimiBue