Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg, brød frå Bakeriet, egg frå Ramstad i Skjåk, og kaffi eller te etter ynskje. Vi ynskjer at frukosten på BrimiBue skal vera mest mogleg lik ein god sundagsfrukost heime. Difor består frukosten vår av ein liten buffet, og eit fat med pålegg som du får servert på bordet. På denne måten minskar vi også matsvinn, noko som er viktig for oss. Vi ber om at du bestiller deg bord til frokosten. Da kan vi gjere bordet klart til du sett deg til bords.
Kvar dag kl. 07.30 – 10.00
Vi er nå i vintersesongen, og serverar vår vintermeny. Sjå vintermenyen vår her.
På BrimiBue endrar vi meny etter sesongen. På denne måten håpar vi at vi blir litt meir spanande å besøkje, og at vi utfordrar oss sjølve. Matkulturen på BrimiBue er godt opparbeida av erfarne kokkar, lærlingar, og etter filosofien til Arne Brimi. Vi nyttar norsk mat av dyktige gardbrukarar, og aller helst av dei vi finn rundt oss.
På kveldstid serverar vi kveldsmeny. Du må bestille deg bord på førehand. Du kan velge sjølv om du vil ha 3- eller 5-retters meny. Om sommaren (1. juni til 1. september) serverar vi kun 3-retters meny.
Avbestilling er tillete innan kl. 16.00 to dagar før reservasjon.
Ved gruppebestilling må vi ha riktig antal personar ei veke før.
3-retter kr. 725,- vinpakke kr. 595,-
5-retter kr. 995,- vinpakke kr. 830,-
Kvar kveld lagar vi vinpakker og alkoholfrie drikkepakker for deg som ynskjer det.
Dersom du har matallergiar vi skal ta hensyn til, er det viktig at vi får beskjed om dette før ankomst slik at vi kan tilpasse menyen til deg.
Om sommaren serverar vi lunsj kvar dag. Vi tek ikkje booking på lunsj, og har såleis kun drop-in. Vi har ein enkel lunsjmeny, med ca. 5 rettar å velge mellom.
Utanfor høgsesong serverar vi lunsj på bestilling til grupper på minst 10 personar.
Vi har dessverre ingen veganske alternativ på lunsj.
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen.
Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.