Vinterens beste smakar med BrimiBue og Vianvang
Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.
Lom sentrum er ein av fem tettstader i Noreg som har status som nasjonalparklandsby. Lom sentrum blir på folkemunne kalla «Fossbergom» eller «Bergom».
BERGOMSRUNDA
Dette er ein triveleg rundtur på Fossbergom, der løypa tek deg gjennom alt som er å sjå i sentrum. Løypa er omlag 2,5 km lang, og du ser skilt rundt om kring. Startpunkt vel du sjølv. Du finn kart på turistkontoret, som du ser frå rundkøyringa.
LOM STAVKYRKJE
Kyrkja vår er ei av dei største stavkyrkjane i landet, og er frå år 1158. Kyrkja er open kvar dag om sommaren, og ved gruppebestillingar ellers i året.
NORSK FJELLSENTER
Besøkssenter for nasjonalparkanae Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Her finn du utstillinga «Bergtatt» som har vunne pris for topp tre museum i Noreg. Ei utstilling som passar for både born og vaksne!
AKTIV I LOM
Prestfosstravers, aktivitetspark og fjellguiding.
Lom aktivitetspark byr på aktivitetar for born i alle aldrar. Her finn du klatrepark, klatretårn, gyrotrampoline, minigolfbane, og du kan leige kano og kajakk. Meir info og opningstider finn du på aktivilom.no
Visit Jotunheimen har mange gode forslag til både sentrumsnære turar, og turar i dei majestetiske fjella rundt oss.
Gå inn på heimesidene visitjotunheimen.no og drøym deg bort!
Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg fire helger i mars 2023, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!
Feir påska saman med oss, med guida fjelltur og bretur i Jotunheimen, overnatting, påskemeny og frukost på BrimiBue. Vi satsar på strålande påskesol i Jotunheimen, lun stemning rundt bordet, kanskje noko godt i glaset, og god kvile i norske senger.