Matkurshelg midt i veka
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurs"helg" midt i veka. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!
Tidleg julegave til nokon du er glad i, eller førjulsgave til deg sjølv? Fredag 16. til sundag 18. desember avsluttar vi året på beste vis; ekstra mykje mat, og ekstra god vin.
Vi rundar av året 2022 med ei heilt spesiell helg for deg som er ekstra glad i mat og vin. Vi gler oss til ei helg med dei beste råvarane vi veit.
Du kjem til Lom fredag, der vi vil servere deg ein ekstra lang julemeny på BrimiBue.
Laurdag startar dagen med lang julefrukost. Kl. 13.00 går vi saman til Eldhuset til tente bål, for utelunsj der. Hugs varme klede!
Ellers laurdag ynskjer vi å gje deg tid til å gjere det du vil. Avslapping på rommet, eller kanskje du får gjort unda det siste av julehandelen i Lom?
Laurdagskvelden brukar du hjå Arne Brimis Vianvang, som førebur ein heilt spesiell gastronomisk kveld. Det vil bli ekstra mange gode smakar, og ekstra mykje godt å drikke. Kvelden startar med at du går dei siste 600 meterane til gards, og du får dei fyrste smakane ute i tunet på Vianvang. Kle og sko deg for å vera ute i høgfjellet vinterstid. Kvelden avsluttas med ein raus vinbuffét.
Frå 16.00 – Ankomst på BrimiBue i Lom
19.00 – Ekstra lang meny på BrimiBue
08.00 – 10.00 – Frukost
13.00 – Utelunsj i Eldhuset i Presthaugen. Kle deg til å vera ute ei stund!
17.30 – Bussen går frå BrimiBue til ein gastronomisk festkveld på Vianvang
23.00 – Buss ned att frå Vianvang
08.00 – 10.00 – Frukost
Heimreise, GOD JUL!
Per person der to deler dobbeltrom inkl. heile programet, vinpakke på BrimiBue, vinpakke på Vianvang, vinbuffét og drikke til lunsjen: kr. 9100,-
Per person der to deler dobbeltrom inkl. heile programet, men utan drikke: kr. 5600,-
PS til våre kjære sambygdingar! Vi har satt av nokre plassar til dykk både på BrimiBue fredag og Vianvang laurdag. Send oss ein mail!
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurs"helg" midt i veka. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg 2.-5. november 2023. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!
Velkomne på førjulshygge og inspirasjon med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg til ei helg fylt til randen med julesmakar, der du kan lære korleis du enkelt kan lykkast med julematen.