Opplev førjulsstemning med Vianvang, BrimiBue og bållunsj. Lad opp til jula med ei avslappande mathelg i Lom, velkomne!
Ei helg før jul er for oss på Vianvang og BrimiBue freda. Freda for deg som har lyst til å oppleve førjulsstemning saman med oss på fjellet, i bygda, og ved bålet.
Programmet startar med innsjekk på BrimiBue fredag ettermiddag. Vidare blir dykk invitert til å oppleve måltidet på Arne Brimis Vianvang. Etter opplevinga på Vianvang går bussen attende til Lom.
Laurdag startar dagen med julefrukost, og deretter har du tid til å gjere det du vil. Avslapping på rommet, eller kanskje du får gjort unda noko av julehandelen i Lom?
Seinare går vi saman til våre gode nabo Norsk Fjellsenter, som har eit av Noregs beste museum. Frå der ruslar vi saman (godt kledde) til Eldhuset i Presthaugen. Der er bålet tent og vi byr på utelunsj rett frå bålet. Dit kjem også Lom Bryggeri, som lar deg smake på nokre av deira fantastiske lager-øl.
Laurdagskvelden avsluttar vi med kveldsmeny på BrimiBue, der du vil få servert vår tolkning av det tradisjonelle julegildet.
Program
Fredag 25. november
16.00 – Ankomst og innsjekk på BrimiBue
17.30 – Bussen går til eventyrleg førjulskveld på Vianvang med Arne Brimi
23.30 – Attende på BrimiBue
Laurdag 26. november
08.00 – 10.00 – Frukost
10.00 – Rusle tur og julehandel på «Fossbergom»
11.45 – Vi går i samla flokk frå BrimiBue til Norsk Fjellsenter
13.00 – Ølsmaking og julelunsj ute i Eldhuset
19.00 – 7-retters julemeny
Sundag 27. november
Frukost og heimreise
Pris
6550,- per person i dobbeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.
kr. 6950,- per person i enkeltrom. Inkluderar alt i programmet, drikke kjem i tillegg.
Booking
Send oss ein mail til brimibue@brimiland.no
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen.
Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.