30.11.2023 – 03.12.2023

Julehelg med matkurs

Velkomne på førjulshygge og inspirasjon med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg til ei helg fylt til randen med julesmakar, der du kan lære korleis du enkelt kan lykkast med julematen.

PROGRAM

TORSDAG 30. NOVEMBER

Frå 16.00 – innsjekk på BrimiBue
Kl. 18.00 – Julekveldsmat og prat om helga

FREDAG 1. DESEMBER

08 – 10 – Frukost
10 – 15 – Julematkurs med Dan-Robin og Arne på BrimiBue. Kurset avsluttast med raus julelunsj.
17.30 – Bussen går til Vianvang. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp i tunet, hugs sko og klede mtp. dette.
18.30 – Tradisjonell Vianvangkveld
22.30 / 23.00 – Bussen går ned att til BrimiBue

LAURDAG 2. DESEMBER

08-10 – Frukost
Frå kl. 11 – Julemarknad i Lom. Kanskje blir du ferdig med julegåvehandelen?
14 – 16 – Vinkurs «Vin til julemat» med Even Brimi og lunsj attåt.
Frå kl. 19.00 – Lang julemeny på BrimiBue

SUNDAG 3. DESEMBER

08-10 – Frukost
11.00 – Utsjekk og heimreise

VELKOMNE TIL LOM!

Torsdag tek vi i mot deg med enkel men raus kveldsmat på BrimiBue – sjølvsagt full av julesmakar. Arne kjem, og saman tek vi ein prat om helga.

Fredag startar sjølvsagt med frukost, før vi sett i gang matkurset. Matkurset vil bli leia av Arne frå Vianvang, og Dan-Robin frå BrimiBue. Det blir sjølvsagt fleire smaksprøvar etterkvart i kurset, og mykje får du ete til lunsj. I løpet av kurset vil du bli kjendt med det vi meiner er dei beste julesmakane, og korleis få dei fram.
Fredag ettermiddag kan du rusle deg ein tur på Bergom, ta eitt glas i restauranten, eller slappe av på rommet, før turen går til Vianvang og ein tradisjonell kveld der.
Laurdag arrangerer BrimiBue saman med gode naboar julemarknad, og i butikkane rundt oss er det gode juletilbod. Kanskje blir du ferdig med julehandelen? Etterpå er teamet vin til julemat, kor Even Brimi vil komme med gode vintips. Lunsj vil bli servert under vinkurset, så du får smake kombinasjonane sjølv. Laurdagen blir runda av med lang julemeny på BrimiBue.
Sundag takkar vi for besøket, og ynskjer deg vel heim med ny inspirasjon til jul.

 

PRAKTISK INFORMASJON

  • Dersom du har matallergier/avvik, er det viktig at du melder frå om det før ankomst.
  • Vi skal bruke mest tid innandørs, men hugs å ha gode varme klede og sko til rusleturen opp til Vianvang, og til julemarknaden som er utandørs.
  • Opphald reknast som bekrefta ved innbetaling av depositum.
  • Avbestilling er tillete 1 mnd før ankomstdato, men depositum blir ikkje attendebetalt.
  • Matkurshelga varar frå torsdag til sundag.
  • Pris kr. 9900,- per person i dobbeltrom. Prisen inkluderar alt i programmet, men drikke er ikkje inkludert.
  • Ynskjer du enkeltrom kostar dette 750,- ekstra (250,- per natt).Booking direkte til brimibue@brimiland.no
Booking direkte til brimibue@brimiland.no

 

25.04.2024 – 28.04.2023

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Våren 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

17.05.2024

17. mai-feiring på BrimiBue

🇳🇴Velkomne på 17. mai-feiring på BrimiBue!🇳🇴

24.10.2024 – 03.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger hausten 2024, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!