31.08.2023 – 08.10.2023

Mathelg med BrimiBue og Vianvang

På utvalde datoar tilbyr vi ferdigpakka helger der du får besøkt både BrimiBue og Vianvang. Opphaldet kan enkelt bookast her på nettsida, eller du kan sende ein mail til brimibue@brimiland.no

  • Onsdag 30. august til  fredag 1. september (omvendt program, Vianvang dag 2)
  • Onsdag 13. september til fredag 15. september
  • Fredag 22. september til sundag 24. september
  • Fredag 29. september til sundag 1. oktober
  • Fredag 6.oktober til sundag 8. oktober

Program

Dag 1

Frå 16.00 – Innsjekk på BrimiBue i Lom

Kl. 17.45 – Avreise til Vianvang

Kl. 18.30 – Tradisjonell Vianvangkveld

Kl. 23.00 – Avreise til BrimiBue

Dag 2

07.30 – 10.00 – Frukost på BrimiBue

Tid til å gjere akkurat det du vil. Kva med ein tur å besøke Norsk Fjellsenter på andre sida av elva, kanelsnurr på Bakeriet i Lom, og kanskje ein liten fjelltur? Sei i frå så kjem vi gjerne med tips!

Frå kl. 19.00 – 5-retters meny på BrimiBue

Dag 3

07.30 – 10.00 – Frukost på BrimiBue

11.00 – Utsjekk og heimreise

 

Pris
  • To personar i dobbeltrom frå kr. 11 180,- (5590,- per person)
  • Ein person i dobbeltrom frå kr. 7485,-

Dersom du ynskjer ei ekstra overnatting, får du rabattert pris. Sei i frå ved bestilling.

Dette er inkludert i prisen: Overnatting med frukost, Vianvangkveld, 5-retters meny på BrimiBue.

Dette er ikkje inkludert i prisen: Drikke, transport t/r Vianvang. Vi hjelp deg gjerne med å bestille transport t/r Vianvang.

28.11.2025 – 20.12.2025

Adventhelg med Vianvang og BrimiBue

Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.

20.02.2026 – 01.11.2026

Mathelg hjå Arne Brimi og BrimiBue

Vår eller hausttur til Lom og Jotunheimen? Vianvang og BrimiBue vil ynskje deg hjarteleg velkommen til fjell og fjellbygd, med god mat og koseleg overnatting. På utvalde datoar tilbyr vi ferdigpakka helger der du får besøkt både BrimiBue og Vianvang. Opphaldet kan bookast ved å sende ein mail til brimibue@brimiland.no.

05.03.2026 – 22.03.2026

Matkurshelg – våren 2026

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen.