Vinterens beste smakar med BrimiBue og Vianvang
Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg fire helger i mars 2023, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!
Matkurs med Vianvang og BrimiBue blir arrangert på følgjande datoar:
Velkomne til Lom! Vi tek i mot deg med enkel men raus kveldsmat på BrimiBue. Arne kjem, og saman tek vi ein prat om helga.
Fredag startar sjølvsagt med frukost, før vi sett i gang matkurset. Matkurset vil bli leia av Arne frå Vianvang, og Dan-Robin frå BrimiBue. Etterkvart ruslar vi opp i Presthaugen for å ete bållunsj i Eldhuset. Kanskje kan dykk lære å lage mat på bål også?
Attende på BrimiBue torsdag ettermiddag, kan du rusle deg ein tur på Bergom, ta eitt glas i restauranten, eller slappe av på rommet. Om kvelden serverar vi ein lang BrimiBu-meny.
Laurdag er det frukost, før bussen går til Vianvang. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp i tunet, der dykk møter Arne og resten av gjengen på tunet. Fyrste del av dagen blir brukt i nybygget på Vianvang – kulturscena. Det blir mat med Arne og resten av kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi. Etter kurset er det tid for ei lita pustepause på Vianvang, før det er klart for ein tradisjonell Vianvangkveld.
Sundag venter ein lang frukost på BrimiBue, før vi takkar for nå og ynskjer dykk vel heim.
Frå kl. 16.00 Ankomst og innsjekk på BrimiBue
18.00 Kveldsmat og prat om helga med BrimiBue og Arne Brimi
09.00 Frukost på BrimiBue
10.00 – 17.00 Matkurs med Dan-Robin og Arne på BrimiBue
14.00 Bållunsj i Eldhuset
20.00 Lang meny på BrimiBue
09.00 Frukost på BrimiBue
11.00 – 17.00 Bussen går til Vianvang. Dykk ruslag dei siste 600 metrane opp i tunet. Dykk lærer meir om mat og vin i det nye huset på Vianvang – kulturscena. Smaking på mat med Arne og kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi.
18.30 Tradisjonell Vianvangkveld
22.30/23.00 Bussen går ned att til BrimiBue
08.00 – 10.00 Frukost på BrimiBue
11.00 Utsjekk og heimreise
Med atterhald om mindre tidspunktendringar.
Bli med oss på ei spesiell gastronomisk helg, med enda lengre menyar enn vanleg. Denne helga ynskjer vi å hedre vintersesongen, og serverar det beste vinteren har å by på.
Feir påska saman med oss, med guida fjelltur og bretur i Jotunheimen, overnatting, påskemeny og frukost på BrimiBue. Vi satsar på strålande påskesol i Jotunheimen, lun stemning rundt bordet, kanskje noko godt i glaset, og god kvile i norske senger.