Gratis påsketips og 15% rabatt på landsbypåska i Lom!
Påska i Lom har noko for einkvan smak. Enten du vil bestige ein av Nord-Europas høgaste toppar, gå i nypreparerte løyper eller gå på landsbyvandring i Lom sentrum.
Her har du våre 10 beste tips for landsbypåska i Lom!
Iver i Fyrst og Fremst arrangerer daglege føringsturar i Jotunheimen. Du finn påskeprogrammet her.
Arne Brimis eigen restaurant har ope i palmehelga, og det fins nokre få ledige plassar. Send ein førespurnad til brimibue@brimiland.no
Even Brimi held vinkurs på BrimiBue måndag 25. mars kl. 17.30 – 19.00. Tema er «tyske raudvinar». Booking til brimibue@brimiland.no
Bergomsrunda er ei 2,5 km lang runde i nasjonalparklandsbyen Lom. Anbefalast til alle!
På BrimiBue ynskjer vi at frukosten skal vera som ein lang sundagsfrukost kvar dag. Vakn opp med lokalt pålegg og brød frå Bakeriet i Lom, medan du ser bygda vaknar utanfor glaset.
Ingen fjellovergang i Nord-Europa er høgare enn vegen over Sognefjellet. Vegen over til Sogn blir ikkje opna før mai, men du kjem deg til vegens høgaste punkt; Sognefjellshytta. Ta skia fatt, eller berre nyt utsikta frå bilen.
Rundt Lemonsjøen finn du milevis med nypreparerte skiløyper. Ta med deg langrennsskia frå heime, eller vi hjelp deg med å leige. Du kan sjå løypestatus HER.
Viste du at vesle Lom sentrum har heile fire (!) sportsbutikkar som er opne heile året?
Vi tørr nesten love fiskegaranti i Ottaelva om våren! Pakk fiskestong og termos, og gå eit kvarter frå BrimiBue.
Etter ein dag ute på fjellet, i bygda, eller inne med ei god bok, byr vi på kveldsmeny frå kl. 19.00. Du kan lese om restauranten vår her.
I påska får du 15% på overnatting dersom du overnattar i to eller fleire netter.
Tilbudet gjeld 21.-26. mars 2024.
Vi satsar på strålande påskesol i Jotunheimen, lun stemning rundt bordet, kanskje noko godt i glaset, og god kvile i norske senger.