29.10.2023 – 01.11.2023

Matkurshelg midt i veka

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurs"helg" midt i veka. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

Velkomne til Lom! Vi tek i mot deg med enkel men raus kveldsmat på BrimiBue. Arne kjem, og saman tek vi ein prat om helga.

Måndag startar sjølvsagt med frukost, før vi sett i gang matkurset. Matkurset vil bli leia av Arne frå Vianvang, og Dan-Robin frå BrimiBue. Det blir sjølvsagt fleire smaksprøvar etterkvart i kurset, og mykje får du ete til lunsj.
Måndag ettermiddag kan du rusle deg ein tur på Bergom, ta eitt glas i restauranten, eller slappe av på rommet. Om kvelden serverar vi ein lang BrimiBu-meny.

Tysdag er det frukost, før bussen går til Vianvang. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp i tunet, der dykk møter Arne og resten av gjengen på tunet. Fyrste del av dagen blir brukt i nybygget på Vianvang – kulturscena. Det blir mat med Arne og resten av kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi. I løpet av dagen, tek vi ein rusletur rundt Vianvang, med bållunsj i røykjestugu.
Etter kurset er det tid for ei lita pustepause på Vianvang, før det er klart for ein tradisjonell Vianvangkveld.

Onsdag venter ein lang frukost på BrimiBue, før vi takkar for nå og ynskjer dykk vel heim.

Passar ikkje datoane?
I tillegg til denne helga, midt i veka, har vi også matkurshelg 2.-5. november. Same program, berre frå torsdag til sundag. Du kan sjå matkurshelga HER

Program

Sundag 29. oktober

Frå kl. 16.00 Ankomst og innsjekk på BrimiBue
18.00 Kveldsmat og prat om helga med BrimiBue og Arne Brimi

Måndag 30. oktober

09.00 Frukost på BrimiBue
10.00 – 17.00 Matkurs og lunsj med Dan-Robin og Arne på BrimiBue
20.00 Lang meny på BrimiBue

Tysdag 31. oktober

09.00 Frukost på BrimiBue
11.00 – 17.00 Bussen går til Vianvang. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp i tunet. Dykk lærer meir om mat og vin i det nye huset på Vianvang – kulturscena. Smaking på mat med Arne og kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi. Rusletur rundt Vianvang, men bållunsj i røykjestugu.
18.30 Tradisjonell Vianvangkveld
22.30/23.00 Bussen går ned att til BrimiBue

Onsdag 1. november

08.00 – 10.00  Frukost på BrimiBue
11.00 Utsjekk og heimreise

Med atterhald om mindre tidspunktendringar.

Praktisk informasjon

  • Dersom du har matallergier/avvik, er det viktig at du melder frå om det før ankomst.
  • Vi skal bruke mest tid innandørs, men hugs å ha gode varme klede og sko til rusleturen og bållunsjen tysdag.
  • Opphald reknast som bekrefta ved innbetaling av depositum.
  • Avbestilling er tillete 1 mnd før ankomstdato, men depositum blir ikkje attendebetalt.
  • Matkurs»helga» varar frå sundag til onsdag.
  • Pris kr. 9900,- per person i dobbeltrom. Prisen inkluderar alt i programmet, men drikke er ikkje inkludert.
  • Ynskjer du enkeltrom kostar dette 750,- ekstra (250,- per natt).Booking direkte til brimibue@brimiland.no

Booking direkte til brimibue@brimiland.no

Velkomne til oss!

24.10.2024 – 03.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger hausten 2024, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

29.11.2024 – 21.12.2024

Adventhelg med Vianvang og BrimiBue

Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.

13.02.2025 – 23.02.2025

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Vinteren 2025

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger vinteren 2025, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!